Gebyr for tilsyn med spreidde avløpsanlegg

Mange har i desse dagar fått eit nytt gebyr saman med dei kommunale avgiftene. Det viser seg at nokre av våre abonnentar fått feil på sin faktura.  Dette gjeld kun enkelte av dei som har eigedomar med fleire bustadhus eller der fleire eigedomar har felles avløpsanlegg. 

 Vi ber om at alle betalar fakturaen slik den er utskriven.  Vi har oversikt over kven det gjeld, og alle feil blir tilbakebetalt/retta på neste termin. 

Kommunen er pålagd å føre tilsyn med spreidde avløpsanlegg.  Spreidde avløpsanlegg er små private avløpsanlegg, minirenseanlegg, slamtanker og liknande. Kommunen har ikkje gjennomført tilsyn med desse i tilstrekkeleg grad dei seinare åra. I 2023 vedtok kommunestyra i Nordfjord at Gloppen skal vere vertskommune for eit tilsynssamarbeid i Nordfjord for å auke kvaliteten i arbeidet. 

Tilsynet blir finansiert ved eit tilsynsgebyr som fakturerast per avløpsanlegg. Det vil bli gjennomført digitale tilsyn, kartleggingar og dokumentkontrollar i tillegg til fysiske tilsyn. Du må betale tilsynsgebyr også dei åra det ikkje blir gjennomført fysisk tilsyn på ditt anlegg.

Sjå informsjon om gebyr knytt til mindre avløpsanlegg

Dersom de har spørsmål kan de ta kontakt med sentralbordet på 57 88 38 00.