Gardsbrenneriet fekk prisen for årets verksemd

Under kommunestyremøtet 30. april vart prisen for årets verksemd 2025 delt ut til Gardsbrenneriet. 

Utdelinga vart gjort i starten av kommunestyremøtet og det var varaordførar Jan Ove Rygg som representant for juryen som delte ut prisen.  Juryen seier at 
Gardsbrenneriet står fram som eit selskap som ser si eiga utvikling i samspel med andre næringsdrivande i kommunen. Dei ser kommunen under eit og mulighetsrommet dette gir. Gardsbrenneriet har hatt ei spanande utvikling tufta på kunnskap, ekte råvarer og kvalitet. Dei tek ikkje den kortaste vegen, men den som gir det produktet og smaken dei er på jakt etter. 

Gardsbrenneriet torer drøyme stort og er til stor inspirasjon for andre næringsdrivande og grundarar. Dei viser at alt er mogleg om du ynskjer det sterkt nok og villig til å legge ned jobben som må til. 

Jann Vestby var til stades og mottok prisen på vegne av Gardsbrenneriet.

Jann Vestby ved Gardsbrenneriet mottok prisen for årets bedrift 2024 Siv KH

Etter utdelinga av prisen fekk kommunestyret ein innhaldsrik presentasjon av Gardsbrenneriet frå dei starta i 2012 og fram til i dag. Han gav også eit innblikk i spannande og målretta planar for framtida.

Annan kvart år framover

Dette var fyrste gong at prisen for årets verksemd vart delt ut. Planen framover er årets verksemd og årets Gloppar skal delast ut annankvart år.