I anleggsperioden må gjennomgangstrafikk bruke Krånavegen lengre vest, denne omkøyringsvegen vil bli skilta. Tilkomsten til eigedomane ved Flølokrysset skal stort sett verte oppretthaldne gjennom byggeperioden.
- Gåande og syklande kan nytte fortauet på høgre side opp mot krysset, men gangfeltet i krysset vil bli stengt. Det beste alternativet for dei som skal til Øvregata er å bruke Grandavegen, vegen som går forbi restauranten Mona Lisa, forklarer Trond Gjerland, byggeleiar i Vestland fylkeskommune.
Tryggare tilbod
Det skal i alt byggast 60 meter nytt fortau mellom Heradshuset og Flølokrysset.
På denne strekninga er det allereie fortau på eine sida av vegen, men dette har dårleg utforming, og eit manglande tosidig tilbod fører til uoversiktlege og potensielt farlege kryssingar av vegen.
Gangfeltet i Flølokrysset skal også utbetrast og få universell utforming.
Punkttiltak
Samstundes med bygginga av nytt fortau og gangfelt ved Flølokrysset, skal det også gjerast andre tiltak på fylkesvegen i retning Gloppen hotell og mot Kleivedammen.
Fylkeskommunen har tidlegare gjennomført ein inspeksjon av tilhøva for gåande og syklande i Sandane sentrum, og her vart det tilrådd ei rekke mindre strakstiltak som no skal gjennomførast. Asfalten skal takast att fleire plassar, gangfelt skal utbetrast, kantstein skiftast ut, kryss skal strammast opp og rekkverk erstattast nokre stader. I tillegg er det planlagd utskifting av fleire gatelys.
– Samla sett skal desse tiltaka gjere det tryggare for mjuke trafikantar i Sandane sentrum, seier Gjerland.
17. mai-tog i rute
For dei som lurer på kva som skjer med årets 17. mai-tog, så vil det bli laga plass langs anleggsområdet slik at toget kan passere på si tradisjonsrike rute.
Bygginga av nytt fortau og dei andre tiltaka skal utførast av Strynefirmaet Kveen AS på oppdrag frå Vestland fylkeskommune. Tiltaka skal vere ferdige i oktober.
