Foreldrerettleiingsgruppe - ICDP

I ein travel kvardag kan det vere lite tid til å tenke over korleis vi er foreldre og kor viktige vi er for barna våre. I foreldrerettleiingsgruppa vil du møte andre foreldre, dele erfaringar og drøfte gleder og utfordringar.

For deg som ynskjer eit endå betre samspel med barnet ditt med fokus på trygg relasjon

Gruppa passar for alle foreldre

Oppstart 9. januar 

Vi skal jobbe oss gjennom 8 tema for godt samspel med barn, og vi nyttar ICDP-modellen. Gruppa møtest ein gong i veka, 8 gongar, ca 1,5 -2 timar kvar gong. Første treff vert torsdag 9.januar 2025 kl 18.00.

Kurset vert leia av Kristin og Janne som er sertifiserte ICDP rettleiarar.

Vi håpar du vil vere med  Tilbodet er gratis.

For påmelding / meir informasjon

Kristin Ramslien -  telefon 97 99 10 75 

Janne Almenning - telefon 94 79 16 41  

innan 20.desember 2024.


IDCP - International Child Development Programme