Fire år sidan invasjonen – bli med å vise solidaritet og støtte

Tysdag 24. februar markerer vi ein trist milepåle. Det er fire år sidan Russland starta sin brutale og ulovlege fullskalainvasjon av Ukraina. 

Fire år med liding, øydelegging og kamp – men òg fire år med ukrainsk motstandskraft, europeisk samhald og forsvar for dei verdiane vi set høgast: fridom, demokrati og nasjonal suverenitet.  

Fakkeltog og markering

Tysdag 24. februar kl 18 - møt opp ved STIL-stova

Fakkeltoget går frå STIL-stova til Heradsplassen. 
På Heradsplassen blir det apell, og innslag av ukrainer. Vi syng den ukrainske nasjonalsangen, og det blir 1. minutt stillhet for ofra for Russland sitt angrep. 

Tilskipinga er arrangert av:  Gloppen KrF, Gloppen Høgre, Gloppen Sp, Gloppen SV, Gloppen Ap, Gloppen Venstre, Gloppen MDG,  Breim bondelag, Breim bygdekvinnelag, Utdanningsforbundet Gloppen, Fagforbundet i Gloppen, Gloppen bygdekvinnelag, Gloppen bondelag, Kyrkja i Gloppen, Hyen bygdekvinnelag og Gloppen næringsorganisasjon.