Fagleg påfyll om bær

Prosjektet “Rekruttering til bærnæringa i Gloppen, Stad og Stryn” inviterer til inspirasjonsbesøk til Bare bær - ytterst på Stadt, også kjent som Borgund Bær. 
Samlinga/besøket er like aktuell for både eksisterande produsentar som ynskjer å sjå kva andre driv med, og for dei som er nye eller berre interesserte i bærproduksjon. 

Bare Bær dyrkar mellom anna økologiske solbær og aronia. I tillegg driv dei lokal foredling og vidaresal av bæra sine. Dei vil dele kunnskap om dyrking og driftsopplegg, økologisk plantevern, markedsanalyse, fordeling og mykje anna. 

Dato og tid: 12. september kl 12-14

Stad: Borgundvåg på Stadlandet, Borgundvågvegen 590.

Påmelding innan 9. september

Påmelding sender du på e-post til landbruksrådgjevar Jofrid Brennsæter,  

Ta kontakt dersom du er interessert i å sitte på med oss frå Landbrukskontoret, som køyrer frå Sandane kl. 9.40.

Vi håpar mange har høve til å bli med.  

Lenke til facebook arrangement her

Bare Bær Bare Bær