Eigenberedskapsveka 2025

Dersom all kommunikasjon forsvinn finn du hjelp på følgjande plassar i Gloppen Kommune:

  • Gloppen omsorgssenter
  • Breim skule
  • Hyen brannstasjon

Om mobilnettet er vekk kan du ringe via WiFi tale 

 Les informasjon om dette på WiFi Tale på Telenor si side. 

OBS! WiFi-Tale vil ikkje virke om du har mobilt breiband.

Test om du klarer å ringe via WiFi Tale:

Har du aldri sjekka ut korleis du ringer via WiFi tale, kan det vere ein god øvelse å teste det ut. 

Du kan teste med å gå i flymodus på telefonen, for so å ringe via WiFi tale. Men det er nokre telefonar som alltid vil foreslå å gå ut av flymodus… og då får du ikkje testa.

Bli ein beredskapsvenn

• Vi oppfordrar alle til å bli ein beredskapsvenn. Finn ut kven du kan hjelpe – og kven du kan få hjelp av

• Med ulike eigenskapar og kunnskap, kan familie, venner og naboar hjelpe kvarandre

• Samarbeid og fellesskap er viktig i kriser. Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de kan klare dykk saman. 

• Beredskapsvenner kan hjelpe kvarandre med:

  1.  omsorg og støtte 
  2.  opphald og overnatting 
  3. deling av utstyr og varer 
  4. praktiske oppgåver 

Les meir om eigenberedskap på DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) si side

Bilde av egenberedskapslager DSB