Brita og Hans Thorbergsens legat

Det er ope for søknadar om tilskot frå Thorbergsens legat. Søknaden må vere skriftleg, og søknadsfristen er 1. oktober.

I retningslinjene for legatet står det: 

Thorbergsens legat vart oppretta for å gje tilskot til uføre barn og ungdom frå gardane Egge, Gåsemyr og Strand i Gloppen og Klakegg i Jølster. Søknader frå nokon som bur i Breim og på Klakegg skal derfor prioriterast.

Sidan målgruppa i dei gamle statuttane for legatet ikkje lenger er så stor, kan midlane frå fondet brukast til alle føremål som er til hjelp for vanskelegstilte barn og unge i Gloppen.

Midlane skal ikkje erstatte løyvingar og tenester som søkjar har rett til frå det offentlege.

Gå til retningslinjene

Søknad

Skriftleg søknad må sendast til Gloppen kommune innan 1. oktober.

Kontaktinformasjon