22. september er det øving i Breimsfjell 2 på E39, og 23. september er det øving i Eikenestunnelen på fv. 615.
Det blir brannøving i tunnelane Breimsfjell 2 (markert med pil til høgre i biletet) og Eikenes (til venstre). Kart: Statens vegvesen
For begge øvingane vil tunnelen vere stengd klokka 18.30-20.00. Under opprigging 18.00-18.30 og nedrigging 20.00-20.30 blir det trafikkdirigering.
Det vil bli brukt røykmaskin under øvingane, for å simulera røyk etter bilbrann i tunnel. Røyken vil komme ut av tunnelen og vera synleg, men er heilt ufarleg og vil forsvinna raskt.
Trygg tunnel
– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan skapa utfordringar for trafikantane. Men då er det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for dei, som ein del av vårt kontinuerlege arbeid, kvar dag, heile året, med å halda tunnelane trygge, seier brannvernleiarane Kjetil Larsen i Statens vegvesen og Marie S. Hatlen i Vestland fylkeskommune.
Det er krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for tryggleiksgodkjenning at vegeigarar skal halda slike beredskapsøvingar.
Samfunnsberedskap
Statens vegvesen er en del av den totale samfunnsberedskapen. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.
– Vegdrift handlar om konsekvens. Vi gjer derfor det vi kan for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg, legg Larsen og Hatlen til.
– Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging. Ved å øva saman med naudetatane drillar vi våre rutinar og sørger for at beredskapslinjene er best mogleg førebudde den dagen ein situasjon skulle inntreffa, avsluttar dei.
Øvingar som denne er ein av viktig del av Statens vegvesens og Vestland fylkeskommune sitt samfunnsoppdrag med å syta for eit effektivt, trygt og føreseieleg framkomeleg vegnett.