Undersøkinga er på nett, og det tek om lag 20 minutt å svare. Dei som blir trekte ut, får invitasjon direkte frå HELSEnorge.
Om du treng hjelp til å logge inn og svare, kan du få det på biblioteket i deira opningstider.
Du får vere anonym
Det er trygt å delta, og alle svar blir behandla konfidensielt i tråd med gjeldande personvernreglar. Ingen enkeltpersonar ikkje kan identifiserast.
Målet med undersøkinga er å få betre kunnskap om helse, trivsel og livskvalitet blant innbyggarane. Denne kan hjelpe oss å planlegge tenester og førebyggjande tiltak. Undersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet, Vestland fylkeskommune og kommunane.
Alle som svarer på undersøkinga, er med i trekkinga av ti gåvekort på 1000 kroner.
Spørsmål?
Har du spørsmål kan du ta kontakt med Vestland fylkeskommune:
e-post: fhus@vlfk.no
eller ringje: 90 14 53 55 (kl. 9.00–15.00)
Meir informasjon
Nettsida til fylkeskommunen
eller på FHI sine nettsider