Bekjemp hagerømlingane og bevar naturmangfaldet
Vi er inne i årstida der vi likar å vere ute og stelle både i hagar og nytte dei flotte naturområda våre i kommunen. Framande planteartar som vi synes gjer seg godt i hagen, kan spreie seg i naturen og øydelegge for dei stadeigne plantane i naturen og fortrenge dei. Dette kan ha stor påverknad på både den økologiske balansen og naturmangfaldet og gjere at det offentlege må nytte midlar på noko som kan synast uoverkomeleg.
Det er vårt alle sitt ansvar å sørge for at framande planteartar ikkje spreier seg i naturen enten det er gjennom hage- eller anleggsarbeid.
Publisert 21.05.2025 14.40