Resultatet er vesentleg betre enn revidert budsjett, som la opp til eit underskot på 9,4 millionar kroner. I andre tertialrapport vart det peika på stor prognoseusikkerheit knytt til tre hovudpostar. Av desse vart utbetalinga frå Havbruksfondet lågare enn venta, og det vart også eit negativt avvik på pensjon og premieavvik. Samstundes fekk kommunen eit stort positivt avvik på skatt og rammetilskot, grunna særleg god skatteinngang i 2025. I tillegg vart det vedteke ekstra utbyte frå Gloppen Energi, som isolert sett betra resultatet med om lag 2.6 millionar kroner samanlikna med revidert budsjett.
Kommunedirektøren vurderer resultatet som tilfredsstillande i ei krevjande tid for kommuneøkonomien. Det låge underskotet inneber langt mindre bruk av disposisjonsfondet enn frykta, noko som gjev positive verknader både for inneverande budsjettår og økonomiplanperioden framover. Kommunedirektøren peikar også på at einingane har vist god kostnadskontroll og gjennomført både små og store innsparingstiltak gjennom året. Fleire kostnadspostar er vidare vanskelege å styre. At 2025 vart eit år med lite snø, og lite brannar/ulykker, har også medverka til underforbruk på disse postane.
Rekneskapen er gjort opp i balanse, og Gloppen kommune har om lag 32 millionar kroner på disposisjonsfondet ved inngangen til 2026. Dette er framleis klart under kommunestyret sitt mål om minimum 10 prosent av brutto driftsinntekter, som tilsvarar om lag 80 millionar kroner.
Kommunedirektøren vil samstundes framheve den store innsatsen frå leiarar og tilsette i 2025. Trass i ein pressa økonomi leverer kommunen gode tenester til innbyggjarane, og Gloppen ligg også i 2025 høgt på Kommunal Rapport sitt Kommunebarometer. Det er fortsatt godt samspel mellom folkevalde og administrasjon, noko som gjev kommunen eit solid utgangspunkt for å møte komande omstillingar knytt til demografi, utanforskap, rekruttering og endra økonomiske rammevilkår.
Kontaktpersonar:
Organisasjonssjef - Geir Liavåg Strand – 95191753
Økonomisjef - Benedicte Moritsgård Refvik – 91839375