Resultatet er betre enn revidert budsjett som la opp til eit underskot på 9,3 millionar. Kommunedirektøren vurderer resultatet som tilfredsstillande i eit krevjande økonomisk år for kommunane. Resultatet er også vesentleg betre enn prognosane i tertialrapportane frå tidlegare i rekneskapsåret.
Kommunen sine inntekter vart høgare enn budsjettert, og dette skuldast m.a. større utbetaling frå Havbruksfondet enn venta, og ekstra løyving frå staten gitt i siste statsbudsjettsalderinga i desember.
God økonomisk styring og budsjettkontroll har medført at kostnadsrammene stort sett har blitt halde, og vi ser berre mindre avvik i kommunen sine driftseiningar. Kommunedirektøren meiner at dette har vore avgjerande.
Resultatet inneber langt lågare bruk av disposisjonsfondet enn det som vart lagt til grunn, og dette dreg kommunen positiv effekt av i inneverande budsjettår og økonomiplanperiode.
Gloppen kommune kan rapportere inn eit rekneskap som er gjort opp i balanse, og kommunen har dermed om lag 33 millionar på disposisjonsfondet inn i 2025. Dette er lågare enn kommunestyret sitt fastsette mål for disposisjonsfondet (min. 10 % av brutto driftsinntekter, tilsvarande om lag 70 millionar).
Kommunedirektøren vil framheve den gode innsatsen leiarar og tilsette har lagt ned i 2024. Til trass for ein utfordrande økonomisk situasjon leverer kommunen gode tenester til innbyggjarane, og Gloppen vart kåra til den 5. beste kommunen i ei kommunerangering utført av Kommunal Rapport (Kommunebarometeret 2024). Det er også eit godt samspel mellom dei folkevalde og administrasjonen. Til saman gjev dette Gloppen kommune eit godt utgangspunkt for å takle omstillingar og utfordringar i møtet med demografisk utvikling, utanforskap, rekruttering og endring i økonomiske rammevilkår.
Kontaktpersonar for årsoppgjeret:
Kommunedirektør Anders Skipenes – 48 16 71 12
Økonomisjef Benedicte Moritsgård Refvik – 91 83 93 75