Årets verksemd i Gloppen 2025

Gloppen kommune er stolt av det rike og mangfaldige næringslivet som pregar bygdene våre. 

Gjennom prisen "Årets verksemd" ynskjer kommunen å løfte fram og heidre dei som vågar å satse, skape og bygge noko nytt.

Intensjonen med prisen er å anerkjenne det viktige arbeidet desse verksemdene legg ned for å skape verdiar, arbeidsplassar og utvikling i lokalsamfunnet. Vi veit at oppstart og vekst kan vere krevjande, og gjennom denne prisen vil vi gi motivasjon og inspirasjon til dei som legg ned ekstraordinær innsats for å lykkast.

"Årets verksemd" er ikkje berre ei påskjøning, men ei oppmoding til heile næringslivet om å sjå moglegheiter, finne nye løysingar og bidra til vekst og utvikling i Gloppen. Prisen er ein del av kommunen sitt mål om å støtte opp om eit framtidsretta og berekraftig næringsliv der nyetableringar og vekstkraft har ein sentral plass. 

Med dette ynskjer vi å feire dei nye kreftene i næringslivet og inspirere fleire til å satse på Gloppen

Kriterier som kan vektast ved tildeling

  • Innovasjon og nytenking 
  • Skaping av nye arbeidsplassar, aktivitet og/eller tryggja eksisterande arbeidsplassar 
  • Haldbar vekst og økonomisk utvikling 
  • Engasjement og påverknad i lokalsamfunnet 
  • Evne til å inspirere og motivere

Har du forslag til kandidat ? 

Frist for å melde inn er 15. mars. 

Send til post@gloppen.kommune.no