Klarlegging av grense og grensepåvisning

Grensepåvisning: Påvising/utsetting av eigedomsgrense eller grensemerke der det har vore ei nyare oppmåling av grensene. Nyare oppmåling vil seie grensegang frå etter ca 1980 da delingslova kom og det vart gjort nøyaktige målingar av grensene. Etter 1980 fekk vi  måle- og matrikkelbrev med koordinatfesta grenser.

Klarlegging av eksisterande grense: Grensegang/klarlegging og nymåling av  eldre eigedomsgrenser som ikkje er koordinatfesta frå før delingslova kom i 1980 og det ikkje finst måle-matrikkelbrev med nøyaktige koordinatar. Desse gamle grensene er frå då skylddelingslova gjaldt og  grensene typisk vart markert ned til dømes merkesteinar og kross i stein/berg. Grensene vart den gong gjerne beskrivne med avstandar målt med måleband og grove himmelretningar mellom grensepunkta. 

Bruk skjema til å bestille klarlegging av grense eller grensepåvisning:

Skjemaet finn du her