Tips brannvesenet om brannfare

Er du bekymra for din eigen eller andre sin branntryggleik.? 

Her kan du melde frå til brannvesenet om kritikkverdige tilhøve som vedkjem branntryggleiken. 

Kva kan eg melde frå om? 

Når brannvesenet snakkar om bekymringsfulle tilhøve så meiner ein tilhøve som potensielt kan føre til brann. Dette kan vere: 

  • At nokon ikkje klarer å ivareta eigen branntryggleik, eller utgjer ein fare for andre. 
  • Hindring av rømingsvegar. 
  • Brann- og byggtekniske manglar. 
  • Tilhøve som hindrar at brannbilen kjem fram. 
  • Oppbevaring av gass.
  • Dårlege eller feil på elektriske anlegg.
  • Ulovleg bruk av bygg. 

 

Branntips.no er ei ny nasjonal nettside der du kan melde i frå til brannvesenet dersom du er bekymra for ein situasjon. Meldinga går til Gloppen brann og redning. 

Meld ei bekymring

Alle meldingar vert behandla anonymt.