Installering av ny eldstad eller endring av fyringsanlegg

Eigar av bygg må alltid sende melding til kommunen hvis ein installerer, endrar eller fjernar ein eldstad. Dette for at brannvesenet skal få operert raskare og tryggare hvis ein brann oppstår.

Det vert ikkje stilt formelle krav til den som skal setje opp/montere ein eldstad. Vi rådar likevel til at du brukar kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.

Når du har montert ny eldstad skal du sende ei melding til Gloppen kommune ved feiaren, bruk skjemaet under her. 

Gå til skjema: Montering av eldstad

Feiaren kan gi pålegg om retting

 Feiaren skal under feiing og tilsyn vurdere tilhøve ved fyringsanlegg og har mynde til å gje pålegg om retting der det er nødvendig.

Lovhenvising

Plikt til å melde om ny eldstad er beskrive i §6 i Forskrift om brannførebygging.

Kontaktinformasjon

Feiar/brannforebyggar Klaus Gunnar Lunde 

Epost: klaus.lunde@gloppen.kommune.no

Telefon: 48 29 44 30