Rehabilitering av skorstein

Oppføring av ny, riving eller rehabilitering av eksisterande skorstein er søknadspliktig tiltak jfr. plan og bygningslova

Rehabiltering må utførast av eit kvalifisert firma, det vil seie eit firma som har sentral godkjenning for å kunne utføre slike oppgåver. Vi anbefaler at du kontakter et firma som driv med rehabilitering av skorstein slik at dei kan finne den beste løsinga for deg.  

Du kan sjekke om firmaet du har valt har slik godkjenning. Gå til Direktoratet for byggkvalitet og søk opp aktuelt firma. 

Korleis gå fram?

Når du skal rehabilitere skorstein må du fyrst sende søknad til kommunen. Dette gjer du via vårt søknadskjema. (ID-pålogging)

Gå til søknadskjema for rehabilitering av skorstein

Når arbeidet er utført

Når arbeidet er utført må du sende inn ei kontrollerklæring for utføring (NBR-skjema 5149 eller liknande). Kommunen kan då gje ferdigattest/mellombels bruksløyve.

Sjå Direktoratet for byggkvalitet - byggesaksblanketter.

Lovhenvising

Gå til  plan- og bygningslova § 20-1