Kommunane er pålagd å føre tilsyn med spreidde avløpsanlegg. Spreidde avløpsanlegg er små private avløpsanlegg, minirenseanlegg, slamtanker og liknande. Kommunen har ikkje gjennomført tilsyn med desse i tilstrekkeleg grad dei seinare åra. I 2023 vedtok kommunestyra i Nordfjord at Gloppen skal vere vertskommune for eit tilsynssamarbeid i Nordfjord for å auke kvaliteten i arbeidet.
Tilsynet blir finansiert ved eit tilsynsgebyr som fakturerast per avløpsanlegg. Det vil bli gjennomført digitale tilsyn, kartleggingar og dokumentkontrollar i tillegg til fysiske tilsyn. Du må betale tilsynsgebyr også dei åra det ikkje blir gjennomført fysisk tilsyn på ditt anlegg.
I tilsynssamarbeidet finn ein breid kompetanse med mellom anna fagarbeidarar, jurist, ingeniør og biolog.
Gloppen Stryn Stad Bremanger Kinn