Samanslåing av eigedomarDersom du eig to eller fleire eigedomar som grenser mot kvarande, kan du sende inn krav om å få dei samanslått til éin eigedom med eitt gards- og bruksnummer. Kven kan rekvirere? Eigar av eigedomen kan rekvirere samanslåing. Dersom du signerer rekvisasjon på vegne av eigar, må du legge ved fullmakt frå grunneigar. Fullmakta må vere i original eller stadfesta rett kopi. Vilkår for samanslåing Eigedomane må ligge i same kommune. Eigedomane må ha same eigar. Samanslåinga må oppfylle matrikkellova § 18 og matrikkelforskrifta § 43 Samanslåinga må ikkje føre til prioritetskollisjon mellom panthavarane Du finn skjema for krav om samanslåing på Kartverket si side Du finn skjemaet på Kartverket si side Alle eigarane må signere på skjemaet. Legg ved eit kart som viser dei eigedomane som skal slåast saman. Dersom nokon av matrikkeleiningane har hefter, må det ordnast opp i desse før samanslåinga kan gjennomførast. Kva skjer vidare? Når vilkåra for samanslåing er oppfylt, sender kommunen melding til tinglysinga om at eigedomane skal slåast saman. Etter tinglysing vert det sendt brev til rekvirent med orientering at samanslåinga er gjennomført. Gjeldande lovverk Matrikkellova Matrikkelforskrifta Kva kostar det? Det er gratis å slå saman eigedomar. Publisert 03.03.2023 10.54