Legg ved situasjonskart for eigedomen
Situasjonskartet må vise:
- Grensene for eigedomen
- Omrisset av bygningen/bygningane
- Gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer
Du kan også søke om seksjonering av uteareal saman med reseksjonering av bygningen/bygningane. Les meir om seksjonering av uteareal.
Legg ved planteikningar for etasjane som skal endrast
Planteikningane må innehalde:
- Klar merking av grensene for brukseiningane og grensene mellom seksjon og fellesareal. Merkinga må gjerne skje ved bruk av ulike fargar.
- Forslag til seksjonsnummer
- Informasjon om kva dei ulike romma skal nyttast til
- Gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer
Viss du ikkje skal endre på grensene inne, kan du sjå vekk frå dette punktet.
Dersom deler av bygningen/bygningane skal vere tilleggsareal til seksjonane, må du markere dette på planteikningane.
Eit tilleggsareal er arealet som ligg utanfor hovuddelen av seksjonen, til dømes ein bod eller garasje utanfor leilegheita. Marker tilleggsarealet med tilleggsareal og seksjonsnummeret som arealet skal høyre til (til dømes TSNR1 dersom arealet skal høyre til seksjon nummer 1).
Bestille samtykke frå bank eller meklar
Har du pant eller ein uråderett tinglyst på eigedomen, må den som står som eigar av desse samtykke til reseksjoneringssøknaden din. Du kan kontakte Kartverket (telefon: 32 11 80 00), eller bestille grunnboksutskrift på seeiendom dersom du er usikker på om du har dette.
Fyll ut søknad om oppmåling ved seksjonering av uteareal
Dersom utearealet skal seksjonerast (ikkje vere fellesareal), må du fylle ut søknad om oppmåling og sende inn saman med søknaden om reseksjonering.
Les meir om seksjonering av uteareal.
Lever søknadsskjemaet med vedlegg
Lever søknadsskjemaet med vedlegg per post til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane, eller ved oppmøte. Du kan ikkje levere dette digitalt, sidan vi må ha originale signaturar.
Alle dokument må leverast i tre eksemplar.