Byggesak

Skal du bygge nytt, endre eller rive noko på eigedomen din?

Søknadspliktig eller bygge utan å søkje?

Start med å gå til Direktoratet for byggkvalitet, Dei orienterer om kva som er søknadspliktig og kva du evt kan bygge utan å søkje

Gå til direktoratet for byggkvalitet her

Dersom konklusjonen blir at du må søkje om løyve, ligg her også ein god vegvisar om korleis du skal søkje. Det vil vere lurt å starte med å finne ut om du kan søkje sjølv, eller om du treng hjelp av fagfolk, av ein såkalla ansvarleg søkjar.

Du finn komplett oversikt over kva du kan søkje om sjølv i byggesaksforskrifta §3-1, med unntak av landbruksbygg som har eigne reglar i §3-2. Hugs at det er du som er tiltakshavar som har hovudansvaret for at reglane blir følgt.

Er du framleis i tvil eller berre syns alt dette er heilt uforståleg, anbefaler vi at du tek kontakt med byggefirma som kan vegleie og hjelpe til med søknad sjølv når du har lov å søkje sjølv.

Kart - og kva planar gjeld for min eigedom? 

Uansett kva du planlegg å bygge, vil du ha behov for kart. I første omgang for å sjekke kva slags plan som gjeld for eigedomen, og etter kvart kanskje også for å skrive ut eit situasjonskart. 

Gå til kommunekart.no 

Klikk på eigedomen din og sjekk informasjonen som kjem opp. Bruk gjerne også menyknappen for å sjekke ut dei ulike funksjonane, og slå av og på dei ulike kartlaga som er tilgjengelege.

Kva kostar det?

Gå til betalingssatsar for byggesak

Kontaktpersonar i kommunen

Bjørn Aurlien, telefon 97 99 10 54