Startlån

Dersom du ikkje får lån i private banker, kan startlån frå Husbanken kanskje vere ei aktuell låneordning for deg til å skaffe ein nøktern bustad eller bli buande i ein slik bustad. 

Målgruppa er mellom andre barnefamiliar, eldre, personar med nedsett funksjonsevne og dei som skal etablere seg for fyrste gong.  

Alt du treng vite om startlån har Husbanken samla her

Du søker om lån gjennom Husbanken si side, og det er kommunen som deretter behandlar søknaden og som avgjer om du kan få lån.

Kontaktperson i kommunen

Kontaktperson for startlån i kommunen er Steinar Kandal. Ring Gloppen kommune sitt sentralbord - 57 88 38 00 - så formidlar vi kontakt.