Innbyggjarvarsling - Varsling 24

Gloppen brukar varslingsystemet Varsel 24. 

Kommunen informerer innbyggarane digitalt ved hendingar der det er hensiktsmessig. Det kan være ved koking av vatn, vasstenging, stengde vegar, evakuering, vaksinasjon, andre generelle servicemeldingar eller hendingar som krev rask informasjon til alle innbyggarane.

Gå til Varsling 24 - klikk for alltid oppdatert informasjon

Korleis varslar vi?

Varsling 24 Varsler via sms, e-post og talemelding til fasttelefon. Melding vert sendt ut til alle innbyggarar over 16 år i ein husstand og alle kontaktpersonar i ei bedrift. Alle einingar i eit burettslag/sameige vert også varsla. Dette krev at bebuarane er oppført i Folkeregisteret med riktig adresse. 

Systemet er integrert mot eit kartsystem som gjer at vi kan varsle alle som bur innan eit geografisk område, eller heile kommunen

Korleis finn vi deg?

Varsling 24 nytter ulike register for å identifisere og innhente kontaktinformasjon for innbyggjarar i ein husstand og kontaktpersonar i bedrifter

Får du ikkje varsel frå oss? - Sjekk opplysningane dine!

Pass på at dine opplysningar er korrekte, då sikrar du at du mottek viktige varsel. 

Det er ditt ansvar å oppdatere registra, dette kan vi ikkje gjere for deg.

  1. Er du folkeregistrert på din bustadadresse? eller har du ulik post- og bustadadresse?  sjekk infoen din her:  skatteetaten.no/person/folkeregister 
  2. Sjekk din kontaktinformasjon for mottak av sms og epost:  norge.no/oppdater-kontaktinformasjon  

 

Eg har hemmelig nummer - blir eg varsla?

Varsling24 varsler ikkje til hemmelige nummer, men du kan velge å legge inn nummeret i tilleggsregisteret, og krysse av for "Hemmelig nummer"