Oppskyting på nyttårsafta
Nyttårsaftan er det lov å skyte opp fyrverkeri mellom kl 18.00-02.00 utan å søkje
Oppskyting utanom nyttårsafta
Dersom du ønsker å skyte opp fyrverkeri utanom nyttårsaftan, til dømes i samband med feiring av bursdagar eller jubileum, må du søke politiet om løyve til oppskyting av fyrverkeri. Lenke til søknad her
Dette må du ta omsyn til dette når du skal bruke fyrverkeri
- Vêr- og vindtilhøve.
- Generell brannfare.
- Oppskyting skal føregå på ein open plass, i trygg avstand frå bygningar og bilar.
- Sjekk at fyrverkeriet ikkje er skadd og hugs verneutstyr.
- Fyrverkeri skal ikkje handterast av born eller rusa personar.
NB! Dersom ikkje fyrverkeriet går av og lunta ser ut til å vere sløkt, kan det framleis vere ei lita glo som framleis brenn. Fyrverkeri som ikkje tek fyr på fyrste forsøk bør stå i ro 30 minuttt og dynkast grundig i vatn før det vert fjerna. Deretter skal det oppbevarast på ein trygg stad før det skal leverast tilbake til forhandlar.