- Lokalet er definert som eigen branncelle.
- Forskriftsmessige rømningsveier.
- Øvrige varesortimentet som finst i handelslokalet er forenleg med det å selje fyrverkeri.
- Eige rom i tilknyting til handelslokalet for oppbevaring av fyrverkeriartiklane utanom opningstida, eigna for oppbevaring av 100 kg NEI, eller det er moglegheit for plassering av særskilt godkjend container på utsida og i rimelig nærleik av handelslokalet.
- Lett antennlege varer i nærleiken av salgsdisken må fjernast.
- Lokalet skal vere innretta slik at publikum ikkje får direkte adgang til fyrverkeriartiklane.
- Publikum skal ikkje ferdes rundt i lokalet etter at dei har fått utlevert fyrverkeriartiklane.
- Salet av fyrverkeri skal innrettast på ein slik måte at dette skjer når publikum er på veg ut av lokalet.
- Eigna slokkemateriell skal vere i umiddelbar nærleik av salgsdisken.
- Lokalet må tilfredsstille plan- og bygningslovgjevinga i den grad det er nødvendig for å sikre at føresegnene i brann- og eksplosjonsvernlova og eksplosivforskrifta er oppfylte.
Utlevering og oppbevaring av fyrverkeri er forbode nærare enn 25 meter frå bensinstasjon. Det vil seie at avstandskravet gjeld ikkje frå pumpene, men frå stasjonens yttergrense. Det er ikkje tillate å utlevere eller oppbevare fyrverkeri i kjøpesenter. Selve utleveringa av fyrverkeriet må skje frå eit salgsstad plassert på utsida av kjøpesenteret.
Det skal ikkje vere bueiningar i same bygg som lokalet der det føregår utlevering og oppbevaring av eksplosiv vare. Det er i forskrifta ikkje gitt opning for ubebodde bueiningar.