Kontaktpunkt ved lengre bortfall av straum og kommunikasjon
I situasjonar der vi får langvarig bortfall av straum og/eller kommunikasjon (mobilnett) har vi tre ulike fysiske oppmøtestadar som vil ha tilgang til straum via agrregat, samt nødvendig og alternativt sambandsutstyr.
Bortfall av kommunikasjon (mobilnett)
Etter ein time bortfall vil beredskapsaktørar vere tilgjengelige på oppmøtestadane.
Langvarig større straumbrot i store delar av kommunen
Etter fire timar straumbrot vil beredskapsaktørar vere tilgjengelige på oppmøtestadane. Her vil det likevel alltid bli skjønnsmessig vurdering av kvar situasjon.
Våre innbyggjarar må vite om følgjande kontaktpunkt om behov oppstår:
Gloppen omsorgssenter, Gotavegen 68
- Legevakt vert lokalisert her dersom langvarig borfall av straum
Byrkjelo Stadion
Lokal beredskapsgruppe og grendakontakter er etablert
Hyen Brannstasjon
Lokal beredskapsgruppe og grendakontakter er etablert
Publisert 02.02.2024 13.45