Slik søker du serveringsløyve

Du må ha serveringsløyve om du vil drive ein serveringsstad. Løyvet må vere klart før serveringsstaden blir opna for publikum. Krav om serveringsløyve gjeld både utandørs og innandørs servering!

Kva er ein serveringsstad?

Ein serveringsstad er ein stad der det blir servert mat og/eller drikke, og lokalet er lagt til rette for å ete på staden. Døme er restaurantar, kaféar, konditori, gatekjøkken, kiosk, bensinstasjon og pub. Dette finn du i serveringslova kap. 1, § 2. Dersom du gjer deg næring av å reise rundt med eit mobilt gatekjøken el. skal du normalt ha serveringsløyve!

Korleis få serveringsløyve?

  • Dagleg leiar ved serveringsstaden må ha bestått etablerarprøva for å kunne søke om serveringsløyve. Løyve vert gitt til selskapet/personen som eig staden. 
  • Serveringslova stiller krav til uklanderleg vandel etter § 6 i serveringslova
  • Er det eit eigarskifte, må du søke om nytt serveringsløyve seinast 30 dagar etter at du teikna avtale om overtaking. 

Søknad om serveringsløyve sender du til kommunen der serveringsstaden ligg. Du kan eventuelt sende vedlegg i post til kommunen.

Slik søker du om serveringsløyve

Gå til søknadsskjemaet

Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottatt.

Vedlegg til skøknad

  • stadfesting på bestått etablerarprøve
  • firmaattest
  • skatteattest
  • teikning av lokalet inne og ute (om du søkjer om utandørs servering)

Serveringsløyve blir i Gloppen gjeve av kommunedirektøren.

Løyvet gjeld berre på staden der det er søkt for

  • Serveringsløyvet gjeld berre for den serveringstaden du har søkt løyve for og den løyvehavaren som står oppført i løyvet. Om du overdreg eller sel serveringsstaden din, må ny eigar søkje nytt løyve innan 30 dagar etter inngått avtale, elles fell løyvet vekk
  • Ønskjer du å opne ny serveringsstad i tillegg til den du alt har løyve for, må du søkje om nytt løyve for den nye serveringstaden. Du kan ha fleire servingsløyver
  • Det er ikkje tidsavgrensing på serveringsløyver

Serveringsløyve er ikkje nødvendig 

  • For catering sidan kunden et maten ein annan stad. Døme er levering av mat til private selskap.
  • For sal av vafler, pølser med meir i samanheng med små lokale arrangement, fotballturneringar, handballkampar og liknande, samt gratis servering av mat