Kravet er oppfylt ved bestått etablererprøve, eller utdanning frå Norsk Hotellhøgskule: HKR 230 Ansvarleg vertskap (bestått eksamen etter januar-05).
Kvar tek du prøva
Prøva tek du ved servicetorget i Gloppen kommune. Kontakt oss på telefon 57 88 38 00 for å avtale tid. Ta med gyldig legitimasjon.
Lærebøker/nettbaserte testar kan du kjøpe på vinn.no
Praktiske opplysningar:
- Kunnskapsprøva er ei elektronisk fleivalsprøve
- Prøva tek du ved den som gjev løyve - Gloppen kommune
- Du har 90 minutt på å ta prøva
- 40 av 50 svar må vere korrekte
- Tillatt hjelpemiddel er lovsamling og ordbok
Du kan ta prøva på nytt heilt til du består, men det vert eit gebyr for kvar prøve du tek.
Kva kostar det
Kr 400,- pr prøve/gong.
Prøvebevis
Alle som har bestått får prøvebevis på dette. Ta godt vare på beviset då det er din dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om serveringslova. Beviset gjeld på ubestemt tid.
Prøvene er berre på norsk
Grunnen er at dei skal teste løyvetakars kunnskap om norske lover og reglar som gjeld for serveringsverksemder. Lover/reglar finn ein i liten grad oversett til andre språk, og slett ikkje i offentleg godkjende oversettingar. Dette er på grunn av krav om høg grad av språkleg presisjon, noko som kan vere vanskeleg å gjenskape i ein oversetting.
Pensum
Test i kunnskap om økonomistyring og lovgivning av betydning for drift av serveringstader, som er serveringslova, skatte- og avgiftslovgivninga, konkurslovgivninga, regnskapslovgivninga, arbeidsmiljølovgivninga og alkohollova.
Prøva er basert på pensum for etablererprøven som ligg på vinn.no
Tilrettelegging ved spesielle behov
Har du t.d. dysleksi kan du få 30 min ekstra tid (krev legeattest).
Er du svaksynt, har lammelsar, nedsett høyrsle eller andre utfordringar legg vi til rette så godt det lar seg gjere. Tilrettelegging må avtalast på førehand.