Vil du selje alkoholhaldig drikkevare i butikk, må du ha løyve til dette frå kommunen. Du må søke i god tid før oppstart av ny verksemd sidan søknaden skal opp til polistisk behandling! Søknadsfrist er seinast 4 veker før polistisk behandling!
I Gloppen skal søknad om løyve først til behandling i helse- og oppvekstutvalet før det ordinære løyve blir gjeve av formannskapet. Salsløyve gjeld for drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol. Dei som kan få salsløyve er:
- Daglegvareforretningar
- Øl- og mineralvatnutsal
- Bryggeriutsal
Bensinstasjonar og kioskar kan til dømes ikkje få salsløyve.
Det er kommunen sin rusmiddelpolitiske handlingsplan som regulerer kommunen sin løyvepolitikk.