Driveplikt og jordleige

For å sikre beredskap og norsk mat- og fôrproduksjon skal alt jordbruksareal haldast i hevd. Som eigar av jordbruksareal har du plikt til å drive jorda sjølv, eller sørge for at den blir drive av andre.

Kva betyr driveplikt? 

Driveplikta gjeld all fulldyrka jord, overflatedyrka jord og alt innmarksbeiteareal. Det er inga nedre arealgrense for driveplikt. Driveplikta er personleg og gjeld for heile eigartida. Driveplikta er heimla i jordlova § 8.

Jorda må drivast slik at produksjonseigenskapane blir helde ved like. Det er ikkje krav til driftsform eller at drifta skal vere optimal, men areala må i utgangspunktet haustast og kultiverast årleg. Dersom areala berre blir slått med beitepussar er driveplikta ikkje oppfylt, då ein reknar at ein slik praksis vil føre til at produksjonseigenskapane reduserast over tid.

Korleis kan driveplikta oppfyllast? 

Driveplikta kan oppfyllast ved at 

  1. Eigar driv sjølv, eller 
  2. Arealet blir leigd bort til andre

Bortleige av jordbruksareal

Ved bortleige skal det føreligge ei leigeavtale på minst 10 år utan høve for eigaren til å seie ho opp. Avtalen må vere skriftleg og føre til driftsmessig gode løysingar.

Kopi av leigeavtalen skal sendast til kommunen.

Ynskjer du å leige vekk areal kan du t.d. bruke denne malen for jordleigeavtale. (PDF, 141 kB)

Fritak frå driveplikt

Dersom eigar av jordbruksareal ikkje har mogelegheit til å drive arealet sjølv, og heller ikkje får leigd ut jorda, kan det søkjast fritak frå driveplikta. Det er normalt høg terskel for å få innvilga dette.

Kravet om 10-årig avtale kan lempast på dersom det føreligg grunnar for det. T.d. kan kommunen godkjenne ein kortare avtaleperiode dersom det skal skje eit eigarskifte i nær framtid og komande eigar har planar om å drive sjølv. Avtalen må likevel vere skriftleg og godkjennast av kommunen.

Har du fått brev om driveplikt? 

Gloppen kommune sender ut brev til eigarar av landbrukseigedomar der heile eller deler av jordbruksarealet kan vere ute av drift. Målet er å kome i dialog med eigarane, og finne gode løysingar for å ta vare på den verdifulle jordbruksjorda vår.


Har du spørsmål, ta kontakt med landbrukskontoret!

Vårbeiting av overflatedyrka mark på Solheim. Jofrid Brennsæter