Grøn næringsutviklingDei globale klimautfordringane krev ei omstilling til eit samfunn kor vekst og utvikling skjer innan naturen sine tålegrenser.Det må skje ein overgang til produkt og teneste som gjev mindre negative konsekvensar for klima og miljø enn i dag.Innovasjon og teknologi er nøkkelen til ei grøn omstilling, og næringslivet er ein sentral part. Det offentlege si rolle er å syte for riktige rammevilkår, ei framtidsretta infrastruktur, ei berekraftig natur- og arealforvaltning, og bidra til utvikling av marknaden gjennom å sette miljøkrav i bestillingar/innkjøp. Kommunen må legge til rette for at både store og små bedrifter lokalt har nødvendig kompetanse for ei grøn omstilling. I lag med lokalt næringsliv må vi invitere til samarbeid i nettverk og skape arena for kunnskapsdeling i regionen.Nyttige lenker og artiklar for lokalt næringslivKlimapartnere Vestland Klimasmart landbrukNorske utslipp Om du vel «virksomheter med tillatelse» på sida til Norske utslipp, så kan du velge Vestland og Gloppen, og få opp bedrifter i vår kommune.Miljødirektoratet har kunnskap spesifikt tilpassa næringsliv Enova kan bidra økonomisk til innovasjon og ny teknologi i bedrifter Norsk klimastiftelse - Norge si grøne tankesmieKommunalbanken sin klimarisiko for Gloppen Norges Bondelag - klima og landbruk Publisert 13.02.2023 13.54