Bondens nettverk

Bondens nettverk Nordfjord skal vere eit støtteapparat som kan yte hjelp til bønder som møter særskilt krevjande utfordringar og/eller personlege kriser. 

Nettverket skal arbeide for å førebygge psykisk uhelse og fungere som eit tryggleiksnett om ei hending skulle oppstå og ramme ein bonde. Målet er å gjere kvardagen tryggare, førebygge psykisk uhelse og yte hjelp om personlege kriser, ulykker eller vanskelege livssituasjonar rammar ein bonde.  

Døme på utfordringar/personlege kriser som kan løyse ut særskilt hjelpebehov kan vere (ikkje uttømande oppramsing):

  • Utmatting/trøyttleik 
  • Helseproblem 
  • Rusproblem 
  • Økonomiske problem 
  • Hendingar som øydelegg store/viktige deler av bondens driftsapparat, t.d. brann, flaum og skred 
  • Samlivsbrot 
  • Dødsfall i nær familie


Nettverket skal medverke til å samordne dei rådgjevings-, støtte- og helsetenestene som bønder i Nordfjord nyttar. Det skal vere etablert ei ressursgruppe med personar tilknytt nettverket som bønder skal kunne kontakte for å få hjelp i samband med utfordringar og personlege kriser. Uavhengig av kven som vert kontakta i nettverket, skal bonden bli høyrd og få eigna hjelp/rettleiing av dei aktørane som er relevante for den aktuelle utfordringa/krisa. Nettverket yter hjelp med mål om å førebygge personlege og dyrevelferdsmessige tragediar.

Ressursgruppa skal også kunne nyttast av naboar, pårørande, og andre, som er bekymra for at ein bonde står i ei krise/ein utfordrande situasjon, som bonden truleg treng hjelp til å handtere.

Nettverket er eit lågterskel tilbod og støtteapparat som kan yte hjelp til bønder som møter særskilt krevjande utfordringar og/eller personlege kriser. Det er eit supplement til kommunen sitt kriseteam, men ikkje ei erstatning for det etablerte kommunale kriseteamet.

Ressursgruppe - nettverket si fyrstelinjeteneste.

Er du bonde, og treng hjelp sjølv? 

Eller er du pårørande, nabo eller bekjent som er uroa for at ein bonde står i ei krise eller utfordrande situasjon. 

Ta kontakt med nokon i ressursgruppa. Dei vi hjelpe til med å vidarformidle meldingar, og sørge for at riktig hjelpeapparat vert kopla inn.  

Medlemmane i gruppa har teieplikt. 

Samarbeidavtale

Bondens nettverk er etablert i samarbeid med dei lokale faglaga og organisasjonane i  og rundt næringa. 

Avtalepartane har signert ei samarbeidsavtale for nettverket. 

Samarbeidsavtala kan du sjå i si heilheit her (PDF, 479 kB)