Ungdomens kulturpris for 2019 til Frida Bjørnereim

Gloppen ungdomsråd delte nyleg ut ungdomens kulturpris til Frida Bjørnereim for sitt store engasjement, og vi gratulerer med velfortjent pris.

Frida har vore aktiv med i arrangering av bLAN og UKM i fleire år, dette er store arrangement som krev godt overblikk og organisering. Ho har delteke aktivit i elevråd og Ungdomsråd. Som medlem i Natur og ungdom har ho teke stor del i både streikeaksjon og byttedag. 

Frida har eit sterkt engasjement for miljøet og er eit inspirerande forbilde for andre. Ho er prinsippfast i sin kvardag og har eit bevisst forhold til kva ho kjøper og bruker for å unngå unødvendig plast. Ho har shoppestopp, og skal ikkje kjøpe seg nye kl i 2019, i staden kjøper ho brukt og syr om kleda. 

"vi har berre ein planet, og eg ser kor mykje som står på spel, og då vil eg sjølvsagt gjere noko med det" seier Frida Bjørnereim

Frida brukar sin Instagramkonto aktivit for å dele viktig informajson og nyttige tips til andre slik at dei kan få ein meir  berekraftig og miljøbevisst kvardag. Frida har heile 1200 Instagram-følgarar og når difor ut til eit stort publikum. 

Umgdomsrådet avsluttar si grunngjeving med "vinnaren av årets ungdomsskulturpris er det berre å ta av hatten for"

 

 

 

 

 

Lurer du på kven som har motteke ungdomens kulturpris tidlegare - sjå oversikta her