Ungdomens kulturpris 2021 til Mathea og Beatrice

Ungdomsrådet deler kvart år ut Ungdomens kulturpris fordi dei ønskjer å gje ei ekstra oppmuntring til ungdom som brukar fritida si til ein aktivitet som er til glede og ikkje minst til inspirasjon for barn og unge elles i kommunen.

Ungdomens kulturpris går til ungdom under 20 år som har utmerka seg. Gloppen ungdomsråd får tilsendt nominasjonar, og stemmer deretter på kven dei meinar fortenar den. I år valde ungdomsrådet å dele prisen på to flotte ungdomar.

Ung idrettsutøvar

 

Den unge indrettutøvaren Mathea Svalheim mottok ungdomens kulturpris under kommunestyremøtet 13. desember Siv K Haugen

Ungdommens kulturpris skal gå til ein ungdom som har vist vedvarande evner og vilje til å yte ein kulturinnsats. Siden denne prisvinnaren er så ung som ho er, har ho ikkje vore på på det nivået ho er i dag så lenge, men har likevel dreve med det sidan ho var lita.  

Ungdomsrådet vel i år å gje kulturprisen til ein ung idrettsutøver. Ho bruker mykje av fritida si på idrett, trenar kvar dag for å bli best mulig. Med den innsatsen ho legg ned, og med det ho oppnår er ho er til inspirasjon for andre, og også for yngre utøvarar. Ho er også flink til å heie fram andre. Prisvinnaren er ein av dei beste i Norge i sin klasse i sin idrett, som er 60 m hekk. Ungdomsrådet håper prisen vil vere til inspirasjon for ho til å stå på vidare! Vi gratulerer Mathea Svalheim

Ung musiker

 

Beatrice Juskaite er elev ved musikklinja på Firda vgs, og ein av to vinnarar av ungdomens kulturpris 2021

Den andre prisvinnaren er ein person som har gjort ein heilt spesiell innsats ved å oppmuntre andre, og lage ein låg terskel for å holde innslag ved huskonsertar. Personen har tatt på seg oppgåver langt over det ein kan forvente av ein så ung person, som også er ein talentfull musiker. Ho går på Firda VGS og har song som hovudinstrument. Ho har inspirert andre, og lagt til rette for eit godt sosialt fellesskap.

Ungdomsdrådet har gleden av å tildele prisen til Beatrice Juskaite, vi gratulerer! 

Beatrice hadde ikkje anledning til å ta i mot prisen på kommunestyremøtet, så ho vil få tildelt prisen ved eit seinare høve.