Sindre Vinsrygg Steen fekk Ungdomens kulturpris for 2022

Under årets siste huskonsert på Firda vgs delte ungdomsrådet ved Lea Viken Oppedal ut Ungdomens kulturpris til ein dyktig og musikalsk elev frå 3MUA.  Vi gratulerer med velfortjent pris

Mot slutten av året ber ungdomsrådet om innspel til kven som bør få prisen tildelt. Og i år vart denne kandidaten nominert og plukka ut som ein verdig vinnar. 

Dette seier ungdomsrådet om vinnaren:

"Sindre Vinsrygg Steen går i trede klasse på musikklinja og spelar rytmisk slagverk. Han er utruleg dyktig og musikalsk. Han berikar kulturlivet i Gloppen med sine dyktigheiter og engasjement til å spele på scener rundt omkring. Sindre deltek i arrangering av huskonsertar på Firda og deltek også aktivt i å få andre på scena ved å engasjere til desse huskonsertane på skulen. Han har blant anna også vore med på Jazz på Jølst dei to siste åra, spelt på Gloppen Hotell og spelte også med bandet til Julia Falkevik under hundreårsjubileumet til Firda VGS. Sindre har også vore vikar på kulturskulen, spelt med unge på konsertar og har ein privatelev som han underviser og lærer vekk sine kunnskaper i trommesett til. Dette er ein person folket i Gloppen har sett masse til dei siste åra og vil sjå meir av. Han seier alltid ja når han blir spurt om å vere med på ting, og tar alt på strak arm.  Gjer alltid sitt beste, er smilande og i godt humør og er oppmuntrande å vere i lag med!  Han er alt i alt veldig god å ha med på laget. "

Vi gratulerer!

Prisvinnaren saman med to representantar frå Gloppen ungdomsråd - Klikk for stort bileteFrå venstre: Nicolai Sandnes (ungdomsrådet), Sindre Vinsrygg Steen og Lea Viken Oppedal (ungdomsrådet) Åslaug H