Simon Austrheim vann Ungdommens kulturpris 2020

Det var ein glad, men overraska prisvinnar som blei tildelt Ungdommens kulturpris for 2020. Simon Austrheim fekk prisen for sin innsats som hovudtrenar for gutelaget 15-17 år i STIL Fotball. Leiar i ungdomsrådet, Julia Jordanger Loen, overraska Simon i ein skuletime på ein elles vanleg torsdag. Det vart litt spenning i klassa når Julia las opp omtale av prisvinnaren og at vedkommande var ein gut som sat her i klasserommet.

Simon Austrheim har gjort ein innsats og teke på seg oppgåver ut over det ein kan forvente av ein så ung person. Når ikkje STIL klarte å få tak i hovudtrenar til gutar 15–17 år, så steppa Simon inn, sjølv om han berre var eitt til to år eldre eller i same årskull som dei på laget. Han leia laget gjennom trening og kamp tre dagar i veka heile sesongen. I lag med lagleiar organiserte han reise til kamp, treningsopplegg, laguttak og kampleiing. Innsatsen til Simon førte til at fleire på hans alder valde å starte med fotball igjen. Resultatet er ei treningsgruppe som har det kjekt i lag sosialt og som har oppnådd gode resultat på bana.

Simon er ein flott rollemodell som med sin unge alder tek ansvar og initiativ! Prisvinnaren sjølv vart nok litt overrumpla, men synest prisen er til inspirasjon for frivillig arbeid som han sjølv har hatt stor glede av å bidra med.

Det er Gloppen ungdomsråd som vurderer nominasjonar som har kome inn og avgjer kven som skal få Ungdommens kulturpris. Føremålet med prisen er å inspirere og verdsetje unge innanfor kulturmiljøet i kommunen. Den kan delast ut til ungdom under 20 år som har utmerka seg. Prisen er på kr 5000 i tillegg til diplom, blomst og applaus!

Vi gratulerer Simon Austrheim med velfortent pris!

 

Leiar i ungdomsrådet Julia Jordanger Loen med prisvinnar Simon Austrheim Birte Fossheim