Målet med tilskuddsordninga er å legge til rette for at alle born og unge skal oppleve meistring og kunne delta på fritidsaktiviteter og i kulturliv. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.
Målgruppa er born og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunner står i fare for å hamne i utanforskap.
Les meir om tilskotordninga på nettsida til Bufdir om ditt lag vurderer å søke.
Krav til kommunen
Bufdir stiller ein del krav til kommunen for at lag og organisasjonar skal få tilgang på denne tilskotsordninga. Gloppen kommune er takknemleg for lag- og organisasjonar sitt gode engasjement i å skape inkluderande møteplasser og hindre utanforskap. Vi er difor oppteken av at alle krav som Bufdir stiller, skal vere på plass frå kommunen sin side slik at lag- og organisasjonar skal ha tilgang på tilskotsordninga hjå Bufdir.
Knutepunktfunksjon:
Bufdir stiller krav om at kommunen skal ha ein knutepunktfunksjon, og vi har oppretta ein tverrfagleg gruppe som har oversikt over kommunen sitt arbeid mot barn- og ungdom i målgruppa.
Knutepunktfunksjonen si rolle
Knutepunktfuksjonen skal ha god kjennskap om tilbod til barn- og ungdom i kommunen, også tilbod som frivillige lag- og organisasjonar tilbyr. Når fleire organisasjonar i Gloppen søker om midlar frå Bufdir, er det knutepunktfunksjonen i kommunen som har i oppdrag å rangere desse.
Knutepunktfunksjonen skal også vere ein ressurs for lag- og organisasjonar, og dele erfaring og samarbeid med frivilligheiteta og andre aktørar som jobbar mot målgruppa.
Kontaktperson
Ta kontakt med koordinator for knutepunktfunksjonen om du har spørsmål om tilskotsordninga eller ønskjer dialog om ulike prosjekt.
Birte Fossheim - epost: birte.fossheim@gloppen.kommune.no / mob 92477248