Avgift/gjeldande prisar (inkl mva)
Sjå prisar
Betaling
Vipps til 519 724
Overfør direkte til konto: 3710.07.00019
Betaling skal vere merka med namn og registreringsnr. til båten.
Straum
Inkludert i prisen.
Du må ha eiga kontakt for å kople deg til.
Får du ikkje straum, sjekk sikringane (desse vippar du enkelt på plass igjen).
Drivstoff
Drivstoffanlegg (diesel) i kort avstand frå gjestebrygga, på nordsida av fjorden, med kortautomat.
Sandane Småbåtlag har noko lenger ute ein slipp til evt. disposisjon. Kontaktelefon - 918 45 536
Servering, kultur og aktivitet
Aktuelle serveringsstader: Lauget kaffi og kultur, Mona Lisa, Gloppen Hotell og Vereide bakeri.
Kulturhuset Trivselshagen - Bibliotek, kino, kultursal samt badeanlegg/idrettsanlegg og BUA. Gangavstand frå sentrum.
Nordfjord Folkemuseum ligg i gåavstand frå hamna og er også vel verdt eit besøk.
Spenst Gloppen og Fjordium. Held til i Sandane senter rett ved gjestebrygga.
Flotte turar i gåavstand
Sandane har flotte tilrettelagde turstiar i gåavstand frå sentrum. Vi anbefaler å ta turen til Trivselsskogen og besøke Kjærleikskogen, Draumekvila og dei fine sherpabygde trappene til Utsikten og Holvikfossen med Fosseteateret. Eide kultur- og natursti er eit anna merka turområde i gåavstand frå sentrum.
For ei fullstendig oversikt over kva som skjer - sjå kultur og aktivitetskalendaren.
Sommaren 2025 - cruise anløp
Følgjande datoar er det venta cruise-anløp på Gloppefjorden. Desse datoane er det desverre ikkje høve til å ligge til kai ved gjestebrygga då det vil bli skyss-trafikk til og frå crusieskipet.
Unngå å legge til kai desse datoane:
23. juni 2025
24. juni 2025
25. juni 2025
1. juli 2025
28. juli 2025
21. august 2025