Reed kultursti

Bli med på ein kort vandretur i Reed sentrum, og bli oppdatert på den spennande historia om Reed sentrum på slutten av 1800-talet!

Kulturstien startar ved parkeringsplassen til kyrkja på Reed. Den korte vandreruta tek om lag 30 min, og ved hjelp av seks informasjonstavler på strekninga, får du innblikk i ei spennande kulturhistorie til Reed sentrum. 

Visste du at:

  • I år 1888 gjekk der to dampbåtar på Breimsvatnet
  • Breim var eigen kommune frå 1886 til 1964 då dei blei slått saman med Gloppen
  • Den Trondhjemske postvei hadde båtrute over Breimsvatnet og gjekk i land på Reed. Derifrå gjekk ferda over Utvikfjellet med hest.
  • På 1700-talet låg kyrkja på Breim nede ved vatnet der som naustrekkja ligg i dag. Det var ei strabasiøst ferd å komme seg til kyrkje via båt eller hest - spesielt vinterstid!
  • Reed var eit vakkert klyngetun med mange sentrumsfunksjonar på slutten av 1800-talet
  • På 1950-talet var der mange butikkar og funksjonar i Reed sentrum.
Reed kultursti med 6 informasjonstavler

 

Mykje meir om historia til Reed får du lære ved å gå kulturstien! Vi oppmodar alle om å ta turen!

Og er det sommar og sol – så kan du avslutte med eit bad på den fine badeplassen som er etablert med stupetårn, grill – og sitteplasser nede ved kyrkja! Her er det også muleg å komme seg ut i vatnet for dei med rullestol!