Sjølvbetjent
BUA Gloppen er sjølvbetjent. Og du må vere registrert som BUA-brukar før du kan låne utstyr.
Registrer deg som brukar her
Du kan velje "verifisere deg med Vipps" så fyller skjema seg ut automatisk (anbefalt om du har Vipps).
Om du ikkje har Vipps - så fyller du ut skjema, og verifiserer deg som kunde med sms og epost.
Born under 18 år må vere registrert som «medlånetakar» på ein føresett sin brukar. Då kan born komme og låne utstyr sjølv i BUA med sin eigen mobiltelefon . Sjå korleis lage låneprofil.
Last ned BUA-appen på mobilen
Sidan BUA Gloppen er sjølvbetjent, må du ha lasta ned BUA sjølvbetjeningsappen på mobilen din.
Link til app: Android - Iphone
Lån nøkkel og finn utstyr
Gå til resepsjonen i Trivselshagen Bad- og Idrett for å låne nøkkel. Du låser deg inn i BUA, finn det utstyret du vil låne. Opne Bua-app'n og scan QR-koden som er festa på utstyret med mobilkameraet ditt. (Alternativt, skriv inn bokstavkode, 4 bokstavar)
Etter at du har fått med deg alt utstyr du vil låne, leverer du nøkkelen tilbake i resepsjonen. Du kan låne utstyret inntil 1 veke.
Kva finn du i BUA?
Sjå oversikt over utstyr i BUA Gloppen
Saknar du noko? - send inn forslag til oss her -
VI kjøper inn nytt utstyr etter kvart som vi har midlar til det.
Folkehelse og miljø
BUA Gloppen er eit positivt folkehelsetiltak der born og unge får testa ulike aktivitetstypar utan at dei treng å kjøpe utstyret. Det bidreg til å redusere forskjellar – her kan alle låne! Det er også eit viktig miljøtiltak der vi reduserer forbruk av utstyr som ein fort veks i frå eller som blir brukt sjeldan.
Følg gjerne BUA på Facebook!