Kontaktpunkt ved lengre bortfall av straum og kommunikasjon

I situasjonar der vi får langvarig bortfall av straum og/eller kommunikasjon (mobilnett)  har vi tre ulike fysiske oppmøtestadar som vil ha tilgang til straum via agrregat, samt nødvendig og alternativt sambandsutstyr. 

Våre innbyggjarar må vite om følgjande kontaktpunkt om behov oppstår:

Sandane

Gloppen omsorgssenter, Gotavegen 68

Legevakt vert lokalisert her dersom langvarig borfall av straum

Breim

Breim skule

Lokal beredskapsgruppe og grendakontakter er etablert 

Hyen

Hyen Brannstasjon

Lokal beredskapsgruppe og grendakontakter er etablert

Langvarig større straumbrot i store delar av kommunen

Etter fire timar straumbrot vil beredskapsaktørar vere tilgjengelige på oppmøtestadane. Her vil det likevel alltid bli skjønnsmessig vurdering av kvar situasjon.

Bortfall av kommunikasjon (mobilnett)

Etter ein time bortfall vil beredskapsaktørar vere tilgjengelige på oppmøtestadane.

NB! mange mobiltelefonar har funksjonen WiFi Tale. Det er ein funksjon du kan aktivere på mobilen din og då kan du ringe og sende sms over eit WiFi nett i staden for via mobilnett. Dette finn du som regel under menyen for innstillingar på telefonen din. Sjå tips frå Telenor her

Har du jaktradio?

Still radioen din inn på Jakt 1

I ein situasjon der vi har langvarig bortfall av straum og/eller mobilnett vil ein kunne kome i kontakt med kommunen, og andre på kanelen Jakt1.