Eigenberedskap

Har du alt du treng for å klare deg sjølv i ei veke dersom straum og vatn plutseleg vert borte?

Kva bør du alltid ha i heimen?

DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) anbefaler at alle husstandar i Noreg tek nokre enkle grep for å betre sin eigenberedskap. Dei har utarbeidd konkrete råd for alle innbyggjarar . Her finn du blant anna forslag til eit beredskapslager for å klara seg heime i minst ei veke.

Gå til nettsida sikkerhverdag.no

Sjekkliste for eigenberedskap

Under finn du døme på ting det er lurt å ha heime. Du bør med jamne mellomrom gå gjennom behova dine og oppdatere lageret ditt. Hugs at det er fint og smart å samarbeide med familie, vennar og naboar om eigenberedskap.

Mat og vatn

  • Reint drikkevatn lagra på dunkar eller flasker.
  • Mat som toler å bli lagra 
    romtemperatur.
  • Grill, kokeapparat eller stormkjøken.
  • Ekstra gassbehaldar eller brennstoff.
  • Mat og vatn til kjæledyr.
  • Litt kontantar og fleire betalingskort.

Informasjon

  • DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller.
  • Batteri og opplada batteribank.
  • Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer og nummera til legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar.

Varme og lys

  • Varme klede og pledd, dyner eller soveposar.
  • Fyrstikker og stearinlys.
  • Ved – dersom du har vedomn eller peis.
  • Gass- eller parafinomn som er berekna på bruk innandørs.
  • Avtale om overnatting.
  • Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller.

Legemiddel og hygiene

  • Legemiddel og førstehjelpsutstyr.
  • Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande).
  • Hygieneartiklar i form av våtserviettar, handsprit, bleier, toalettpapir, bind og tampongar.

 

Jodtablettar ved atomhendingar

Gå til informasjon om jodtablettar i eigenberedskapen