Målgruppe
Personar som ikkje kan gå, eller som har store vanskar med å gå over ei viss lengd, til dømes rullestolbrukarar og som har særleg behov for parkering på ein eller fleire konkrete stadar. Behovet skal vere regelmessig.
Det er det vanlege og normale parkeringsbehovet som vert vektlagt, ikkje tenkte behov.
Med parkeringsløyve kan du parkere på:
- parkeringsplassar for rørslehemma
- offentlege parkeringsplassar som krev avgift utan å betale avgift utover tidsavgrensning
Tenk gjennom
- kvar er det du har problemer med å parkere og kor ofte er du der?
- kvifor er det vanskeleg å parkere her?
- kva slags parkeringsplassar finst her?
- kva er det som gjer at du ikkje kan bruke dei ordinære plassane her?
- korleis vil eit parkeringsløyve hjelpe deg på desse bestemte stadane?
- er du ofte til behandling, opptrening eller hos lege, legg fram dokumentasjon på dette.
Korleis få tenesta?
Du må fylle ut søknad og sende den inn. Søknadskjemet er elektronisk, og du loggar inn med sikker pålogging/ID porten. Dei fleste av felta i skjemaet er obligatoriske, og du må fylle ut alle nødvendige felt for å gå vidare. Fyll ut skjemaet nøyaktig og fullstendig slik at det gir eit godt bilde av behovet ditt. Det er viktig å forklare kvifor det ordinære parkeringstilbodet på stadane du ofte besøkjer ikkje kan nyttast.
Bilførar eller passasjer? det er litt ulike kriterier for å få tildelt parkeringskort som sjåfør av bil eller som passasjer.
Varigheit
Tildeling vil bli gjeve for 2-5 år.
Når parkeringsløyvet ditt har gått ut på dato, må du søkje på nytt!
Pris
Tenesta er gratis
Slik søkjer du
Digital søknad, logg inn med ID-porten
Ein kan søkje på vegne av andre, det treng ikkje vere søkjar som loggar seg inn.
Viktige vedlegg
- Legeerklæring skal alltid følgje søknaden
- Dersom du søkjer som førar av motorvogna må vi ha kopi av gyldig førarkort.
- Dersom du får positivt svar på søknaden din skal det lagast eit parkeringskort med bilete av deg som bevis for at du er godkjend som brukar. Vi tek kontakt og etterspør passfoto ved behov.
Klage
Avslag på søknad om parkeringsløyve kan påklagast til kommunestyret.
Forskrift og retningslinjer
Forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmede
Kommunale retningslinjer for tildeling av parkeringsløyve