Gloppen kommune og Gloppen frivilligsentral samarbeider om to dagaktivitetstilbod som er tilrettelagde for deg som bur heime og har demens. Det er plass til 6 deltakarar i kvar gruppe.
- Torsdagstreffet på Aktivitetssenteret kl 11-14
- Fredag på Myra kl 11-14
Kven kan nytte desse dagtilboda?
Heimebuande personar med demens i tidleg fase (eventuelt godt fungerande med moderat grad). Deltakarane må ha nytte og glede av sosialt samvære og praktiske aktivitetar.
Kriterium for deltaking
Ein må kunne bevege seg utandørs i tilstrekkelig grad, og ha god høyrsle eller fungere godt med høyreapparat
Korleis søke?
Gå til søknadskjema - sikker pålogging via ID-porten
Kva kostar det?
Gå til betalingsgebyr
Har du spørsmål? Kontakt oss:
Fagansvarlig Tone M. Ommedal - 48170890
Fagansvarlig Kjetil Myklebust - 97991034
Gloppen Frivilligsentral - 92120505