Minnegåver

Mange vel å be om ei pengegåve i staden for ein tradisjonell blomsterhelsing, som deretter vert gjeven som ei minnegåve. 

For at føresetnadane rundt minnegåvene skal vere ryddige har Gloppen kommune eigne rutinar for mottak og bruk av minnegåver, og dette er forankra i dei kommunale etiske retningslinjene våre. 

Framgangsmåte

  • I dødsannonsa til avdøde: Oppgje kontonummer som minnegåva skal innbetalast til. På denne måten vil dei pårørande få oversikt over alle gjevarar og helsingar, og få oversikt over totalt beløp. 
  • Samla beløp for minnegåva overførast deretter til Gloppen kommune sitt kontonummer: 3710.07.00019
  • Bruk skjemaet Minnebilag - og fyll ut informasjon som skal følgje minnegåva. Her spør vi etter kva formål, og kva for avdeling gåva skal gå til. 

Gå til skjema for Minnebilag og registrer gåva her

Når vi mottek ei minnegåve vil vi ikkje lenger nytte oss av takke-annonse i avisa. I staden vil vi sende ut personleg takk til pårørande som står som gjevar i minnebilaget. 

Takk!   

Gloppen kommune er svært takknemmelig for alle minnegåver vi får, og vi har som mål om å få til ei årleg oppsummering av kva minnegåvene har blitt brukt til.