Tuberkulosekontroll for arbeidsinnvandrarar, familieinnvandrarar, au pair og praktikantar

Tuberkulosekontroll er lovpålagt i Noreg, og gjeld arbeidsinnvandrar, au-pair og praktikantar.  Alle arbeidsgjevar har ansvar for å kjenne til ordninga.

Tuberkulosekontroll er gratis, og det er legar i kommunen utfører kontrollen.

Kva for land?

Personar frå land med høg førekomst av tuberkulose har plikt til å gjennomføre tuberkulosekontroll (oversikt over land finn du på folkehelseinstituttet.no).

Når bør kontrollen skje?

Tuberkulosekontrollen bør skje snarast mogleg og seinast innan 14 dagar etter ankomst til Noreg.

Plikt til tuberkulosekontroll

  • Personar som oppheld seg i Noreg meir enn tre månadar. Dette kan t.d. gjelde sesong-arbeidarar som plukkar bær, gardsarbeid, tilsette på hotell, på anlegg og i industri, m.m.  Arbeidsinnvandrarar som skal opphalde seg meir enn tre månader i landet, skal registrere seg hjå politiet for å få registreringsbevis som gjev lovleg opphald i Norge. Politiet har ansvar for at kommunelegen får melding om dei nyankomne arbeidsinnvandrarane som er aktuelle for kontroll. Arbeidsgjevar har ansvar for at arbeidstakar møter til kontroll og røntgen av lunge.
  • Personar frå risikoland som får symptom som feber og/eller hoste, må ta kontroll sjølv om dei oppheld seg i landet kortare enn tre månadar

Tuberkulosekontroll er gratis og innebær

  • Time hjå lege på Gloppen legesenter 
  • Røntgen av lunge (rekvirert av lege)

Gje melding på førehand om behov for tolk.

Nyttig å vite om tuberkulose

Tuberkulose er ein sjukdom som skuldast ein bakterie. Sjukdomen kan behandlast med antibiotika. Tuberkulose kan gje sjukdom i mange organ, men det er kun dei som har tuberkulose i lungene som kan smitte andre. Tuberkulose er ikkje ein vanlig sjukdom i Noreg i dag, men mange land i verda har fortsatt høg førekomst av tuberkulose.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Gloppen Legesenter, telefon 57 88 44 40