Handlingsplan mot vald og overgrep i nære relasjonarVedteke av: Helse- og oppvekstutvalet Dato: 9. april 2025Sak: 19/25Innhaldet i denne handlingsplanen rettar seg mot alle i Gloppen kommune som er utsett for vald og overgrep i nære relasjonar, mot dei som skal hjelpe den valdsutsette i ein vanskeleg situasjon, samt mot dei som er vitne til valden. Handlingsplanen peikar også på at valdsutøvar skal ha hjelp – ofte behandling, i høve si valdsåtferd. Handlingsplanen peikar på viktigheita av samhandling mellom fleire samarbeidspartar, slik at hjelpeapparatet i kommunen kan yte effektiv hjelp. Handlingsplanen skal også vere ein reiskap både til konkret hjelp, og som informasjon til alle innbyggarar i kommune om rett til og moglegheit for hjelp. Eit av måla med handlingsplanen mot vald og overgrep i nære relasjonar er å auke medvit om tema blant tilsette. Auka medvit vil truleg føre til auka tal meldingar. Det er også eit mål å ha system for systematisk hjelp til offer av vald og vitne til vald og tilbod om behandling for utøvar av vald. Hovudmålsetjinga er å førebygge, avdekke og hjelpe menneske som opplever vald og overgrep i nære relasjonar.Sjå plan og handlingskortOpne handlingsplanen Handlingskort - BarnHandlingskort - Vaksne Publisert 23.09.2025 09.44