Kommunal fysioterapi

Kven kan få tilbod om kommunal teneste?

Barn og eldre med behov for fysioterapi på grunn av nedsett funksjonsevne.

Personar i yrkesaktiv alder med meir samansatte problemstillingar der det er behov for tenester frå fleire faggrupper.

Personar i yrkesaktiv alder

Alle i yrkesaktiv alder skal ta kontakt med dei private institutta for å få fysioterapeutisk hjelp.
Sjå oversikt over private fysioterapeutar med kommunal driftsavtale

Kva er målsetinga med fysioterapi?

Opprettholde eller betre funksjonsevna slik at bruker i best mogleg grad kan meistre kvardagen sin og delta i samfunnet. Dette gjer ein både gjennom førebyggjande og behandlande tiltak.

Kva kan vi hjelpe med?

I tillegg tilbyr vi

  • Individuell behandling
  • Funksjonsvurdering
  • Tilrettelegging med tekniske hjelpemiddel
  • Kvardagsrehabilitering
  • Korttids- og rehabiliteringsopphald på omsorgssenteret
  • Delta i ansvarsgrupper/utarbeiding av individuelle planar og er koordinator
  • Undervisning

Korleis søkjer eg?

Det er fysioterapitenesta eller legen din som på grunnlag av faglege vurderingar fastset behovet for teneste.

Pris

Born 0-16 år og yrkesskada har rett til gratis fysioterapi.

Alle over 16 år med/utan diagnose, betalar eigenandel etter fastsett takst opp til eigenandelstaket som er på kr 3 278,- (gjeld i 2026)

Klagerett

Du har rett til å klage dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettigheiter som pasient, eller at du ikkje har moteke dei helse- eller omsorgstenestene du har krav på. Pårørande kan også ha klagerett.

Klaga sender du først til fysio/ergoterapitenesta ved Jannike Felde. Då vil ho gjere ei vurdering av klaga og evt. endre avgjerda dersom ho er einig i klaga di. Viss ho framleis er ueinig, vert klaga automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren, som vil behandle klaga. 
 

Kontaktinformasjon

Hovudnummer, servicetorget

Telefon: 57 88 38 00

Einingsleiar for Friskliv, fysio- og ergoterapi

Telefon: 958 28 896

Postadresse 

Grandavegen 9
6823 Sandane

Besøksadresse

Grandane senter, 2. etasje
og
Gloppen omsorgssenter

Her finn du lenker til meir informasjon