Studiar viser at handøvingar kan hjelpe deg til å få auka kraft, klare daglege oppgåver betre og få mindre smerter.
Gloppen kommune skal starte treningsgruppe for dei med handartrose. Gruppa går over 3 månader, og inneber 9 fellessamlingar og eigentrening heime. Her vil du óg få informasjon om sjukdomen og kva du kan gjere for å meistre kvardagen best mogeleg.
Fellessamlingane vil vere på Grandane Senter 2.etg. (inngang ved legesenteret)
Mandagar frå kl. 16:00 til 17:00. Fyrste samling vert 30.oktober 2023
Interssert? Ta kontakt:
Dersom du er interessert, sei i frå til fastlegen din, eller ta kontakt med Hilde Olave Sætren, ergoterapeut i Gloppen kommune, tlf. 951 84 735 for påmelding eller spørsmål.